VELKOMMEN TIL STØLEN

Drotninghaugstølen, eller Øggardsstølen i daglegtale, ligg i Ladalen, knapt ein km vest for Nysetervatnet. Setra ligg ca 2 km frå Drotninghaug. Øggardsstølen og Lastølen ligg tett ved sidan av kvarandre ved foten av Sætrefjellet. På Øggardsstølen var det tidlegare 3 bruk som setra. Setringa på desse stølane tok slutt i 1950-åra.Området setra ligg i, blir og kalla Fjellsetra, eit av dei mest populære hytte-og friluftsområda på Sunnmøre. Setrane i Ladalen var populære feriemål for byfolket lenge før setringa tok slutt, og folk leigde ut sela sine både sommar og vinter. Etter kvart som setringa tok slutt, tok friluftsaktivitetane meir og meir over, og hyttebyggjinga skaut fart.

                       
     
                         Stølen tidlig på 1950-tallet                                                    Stølen i dag

I 1995 bygde vi nytt fjøs på stølen, og i 1996 var det igjen stølsdrift på Drotninghaugstølen! Fjøset har 14 båsplassar. Buskapen er for det meste av den gamle rasen Vestlandsk Fjordfe. Selet på stølen vår er gammalt.Det har vandra frå den gamle garden Nysetra i si tid, via Drotninghaug og til Øggardsstølen, og det er omlag to hundre år gammalt.  I 2001 og 2002  vart selet restaurert. Tak og taksperrer, vindauge og bordkledning vart skift, og eternittaket vart bytt ut med torv. Selet er bustad for røktar under setringa. I 2005 fikk Drotninghaugstølen saman med Dravlausstølen kulturlandskapsprisen frå  Møre og Romsdal fylke

        

                                                                                Bilde fra Stølen