GAMLESTØLSTUNET
 
 
Etter søknad om reguleringsendring og positivt vedtak i Nærings- og utviklingsutvalet i Sykkylven Kommune i sak 25/07, har det vorte arbeidt vidare med dette prosjektet. Området ligg søraust for Gamlestølen i Fjellseterområdet.  Såleis namnet Gamlestølstunet. Det er no utarbeidd reguleringsplan for området, og planen er sendt inn for vidare handsaming i kommunen.
 
 
 
   
Tanker om byggets utseende og beliggenhet                                    Utsikt mot Velledalen
 
Arkitekt: Svein Skylstad
                
                                                 
Bakgrunnen for reguleringsplanen er ideen om eit kurs- og konferansesenter i Fjellseterområdet. Målet er å få bruke utmarksområda til garden til næringsutviklande formål.

Det inneber å etablere eit tilbod spesielt retta mot bedrifter i regionen, men også til andre som måtte ønskje seg eit overnattingstilbod eller eit opphald i den flotte naturen i Sykkylven.

Overnatting- og serveringstilbodet er tenkt å byggje på den levande stølsdrifta i området, med økologiske råvarer, lokal matkultur og naturopplevingar i Ladalen og elles i kommunen.

Det er i dag aktiv stølsdrift på både Drotninghaugstølen og Dravlausstølen. Planen er å integrere den aktive stølsdrifta i det tilbodet som ein skal tilby ved konferansesenteret.
 
 
Planforslag A4.pdf
 
Beskrivelse og Føresegner.pdf