VELKOMMEN TIL DROTNINGHAUG

Larsgarden er eit av tre bruk på Drotninghaug, som  er den øvste garden i Velledalen i Sykkylven kommune . Drotninghaug ligg 18 km søraust for kommunesenteret i Sykkylven, og er den siste garden før fjellovergangen mellom Sykkylven og Stranda, og nærmaste nabo til friluftsområdet Fjellsetra.
Drotninghaug vert og kalla Øggarden i daglegtale, noko som tyder på at garden har ligge aude etter Svartedauden.
Namnet Drotninghaug er ein ikkje heilt sikker på opphavet til. I Hans Strøm sin ”Beskrivelse over Søndmør” frå 1700-talet, skriv han at namnet kan kome av den gode drott (avling) som garden gir.
Larsgarden ligg ca 200 moh, med utsikt over øvre del av Velledalen og mot dei mektige Regndalstindane med Regndalsbreen i vest.
Brukarar av Larsgarden sidan 1984 er Kjell Perry Drotninghaug og Kari Hjorthol.
Ny driftsbygning vart teken i bruk i 1987. Stølsdrifta vart teken opp att i 1996, då det vart bygd ny fjøs på Drotninghaugstølen. Garden har ca14 årskyr av rasen Vestlandsk Fjordfe, og garden vert driven økologisk.




Larsgarden på Drotninghaug